Vi har ledig stilling som Daglig leiar i Havila Services. 
 
Havila Services (HS) er eit nyoppretta selskap som skal levere tenester til ulike selskap i konsernet innan ei rekke ulike fagområder, mellom anna løn, mannskapstjenester, rekneskap, IT og Innkjøp. HS søkjer difor etter Dagleg Leiar / Head of Services som er trygg i leiarrolla, og samstundes kan bidra operativt ved behov innan eit eller fleire relevante fagfelt. Som dagleg leiar evner du å sette dine kollega og kunder i fokus. Du vil få god innsikt i heile konsernet og vil kunne bidra med innovasjon, utvikling, profesjonalisering og digitalisering i høve rutiner, system og organisering. HS gir gode moglegheiter for eigenutvikling og verdset medarbeidarar som tek initiativ og viser ansvar. Du vil ha fagleg sterke teamleiarar som rapporterer til deg. Stillinga rapporterer til  styret. 
Personleg eignetheit, modenheit og tidlegare referanser vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.
 
Ansvar og arbeidsoppgaver:
  • Overordna ansvar for å utvikle og leie HSS, og sikre tenesteleveranser av rett kvalitet  
  • Personalleiing og utvikling av tilsette 
  • Sikre optimal drift
  • Sikre god oppfølging, gode kontrollrutiner og rapportering
  • Initiere og leie arbeid/prosjekt knytt til dømes til utvikling, effektivisering, forbetring, automatisering og implementering av relevante prosesser/verktøy
  • Opplæring, rettleiing og rådgjeving til ulike linjeorganisasjoner
  • Etablere og halde ved like tett og godt samarbeid med relevante parter i ulike selskap

Kvalifikasjoner
    Relevant høgare utdanning og dokumentert 3-5-års erfaring med leiing innan to eller fleire relevante fagområder, gjerne med erfaring frå sentralt tenestesenter  Kunnskap om og erfaring med digitalisering innan relevante fagfelt Erfaring frå endringsprosesser, utvikling og kontinuerleg forbetring God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på engelsk og norsk

Ferdigheiter, evner og haldninger
    Du kan identifisere deg med våre kjerneverdier og er glad i mennesker Evne til å motivere og gjere andre dyktig Sterkt engasjement og vilje til å vere ein proaktiv leiar Fungerer godt under press med stor arbeidskapasitet og opptrer raskt og beslutsomt  Har gode metodiske ferdigheiter innan leiing Er sjølvstendig, kreativ, har gjennomføringsevne, er utviklings-, løysings- og samarbeidsorientert med eit sterkt ønske om å skape resultat Evne til å kombinere strategisk og kommersielt fokus ved utvikling av eit tenestesenter God analytisk evne, strukturert og fleksibel God på å etablere gode og effektive relasjonar med leiarar og medarbeidarar på alle nivå, samt med eksterne samarbeidspartar Set HSEQ høgt og følger lover og reglar som styrer arbeidskvardagen generelt Er engasjert og interessert i å forstå samanhengar og gjere komplekse oppgåver enkle Open for å tenke "utanfor boksen" for å få fram (nye) måtar å kople erfaring og innovativ teknologi på Er pliktoppfyllande, kvalitetsbevisst og lojal Tek initiativ og er med på å spre arbeidsglede på arbeidsplassen
Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i ei verksemd med gode framtidsutsikter, der du vil vere sentral i oppbygging, drift og vidare vekst.  

Vidare tilbyr vi konkurransedyktige lønnsvilkår, meget gode pensjons- og forsikringsordninger. Du vil bli ein del av ein organisasjon med kompetente og dyktige medarbeidarar. 

Arbeidsstad er ved Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg. Reising i denne stillinga må påreknast.

For meir informasjon kan du kontakte:
Konstituert leiar, Olav Haug Vikebakk, +47 94 81 58 10      
Styreleiar, Njål Sævik, +47 90 93 57 22
 
_
 
Attester og vitnemål leggast ved søknad. Alle henvendingar vert behandla konfidensielt.